Norrøn filologi ved Universitetet i Bergen

January 10, 2011
by Therese

Ved Universitetet i Bergen kan man ta både en bachelor- og mastergrad i norrøn filologi.

Bachelorgraden inngår i bachelorprogrammet i nordisk: Om å studere norrøn filologi I studieplanen står det:

Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i drygt 500 år, frå landnåmet av Island til seinmellomalderen. Spesialiseringa i norrøn filologi gjev ei grundig innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og begge vert sette inn i eit vidare kulturelt perspektiv.

Du søker via Samordna opptak, og søknadsfristen er 15. april!

Masterprogram i norrøn filologi:

Mastergraden i norrøn filologi er eit forskingsretta studium med høve til konsentrasjon kring språklege, litterære eller kulturhistoriske emne. Studiet skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og formidling i norrøn filologi og tilstøytande emne. Dei skal setje seg inn i vitskapleg teori og metode og i historia til faget, og dei skal utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldemateriale og vitskaplege framstillingar.

Masterprogrammet i norrøn filologi skil seg ut ved stor breidde i forskingsemna og individuell tilpassing av studiet i samråd med rettleiar. Fordi det er eit lite fag, vil det ha større innslag av sjølvstudium enn store fag.

Comments are closed.

Previous Post
«